Fleire bebuarar på Skeie har meldt at dei fryktar trafikkulukker ved avkøyringa til Skorvane etter at fotgjengarfeltet fekk trafikklys. Vegvesenet ser poenget.
Fleire bebuarar på Skeie har meldt at dei fryktar trafikkulukker ved avkøyringa til Skorvane etter at fotgjengarfeltet fekk trafikklys. Vegvesenet ser poenget.

Åtvarar mot trafikkfelle på Skeisflaten

Bebuarar på Skeie er glad for den lysregulerte overgangen på Skeisflaten, men fryktar samstundes at krysset blir ei trafikkfelle.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

For ikkje lenge sidan vart det sett opp lysregulert overgang over Skeisflaten like ved utkøyringa frå Skorvane. Tidlegare Skorvane-bebuar Hans-Erik Schmidt er glad for at fotgjengarane no har fått ein tryggare overgang på den trafikkerte vegen, men er redd lyskrysset vil føra til misforståingar.

- Dersom ein kjem frå Grindavoll retning Nore Neset skule og stoppar på raudt lys, vil ein garantert tru at ein har fri passasje vidare når ein får det grøne lyset. Det ein då gløymer er trafikken som kjem frå Skorvane, berre meteren etter krysset. Skeisflaten-vegen er ikkje ein forkøyrsveg, men når ein får grønt lys etter eit kryss, kan ein lett tru det, seier Schmidt.

Vil smella

Schmidt bur i dag i Bjørnevollen, men tidlegare har han budd ei årrekkje på Skorvane.

Fotgjengar Martha Valvaag er glad for å ha fått lysregulert fotgjengarfelt.
Fotgjengar Martha Valvaag er glad for å ha fått lysregulert fotgjengarfelt.
Det er mange bilistar som gløymer at dei har vikeplikt for høgre etter dette lyskrysset. Snart vert hovudvegen på dette strekket omgjort til forkøyrsveg.
Det er mange bilistar som gløymer at dei har vikeplikt for høgre etter dette lyskrysset. Snart vert hovudvegen på dette strekket omgjort til forkøyrsveg.
Sjølv om det vert forkøyrsveg ved Skorvane, vil bilistane på Skeisflata framleis ha stopp-plikt for høgre på resten av vegen, som her ved Nore Neset skule.
Sjølv om det vert forkøyrsveg ved Skorvane, vil bilistane på Skeisflata framleis ha stopp-plikt for høgre på resten av vegen, som her ved Nore Neset skule.

- Heller ikkje før var det uvanleg at bilistar på Skeisflaten gløymde at dei hadde vikeplikt, men når dei no får grønt lys, vil dei automatisk tenkja at dei har fritt leide vidare, også for kryssande trafikk, meiner den pensjonerte matematikk-læraren.

Han trur det berre er eit tidsspørsmål før det kjem til å smella.

- Det er klart dette er ei trafikkfelle, og det er klart at det kjem til å enda med kollisjonar. Eg håpar nokon tek til fornuft og gjer noko før det går galt, seier han.

Bra for gåande

Då Os og Fusaposten var utom for å sjå på tilhøva onsdag, møtte me på Martha Valvaag. Pensjonisten går mykje på tur i området. Ho meiner i alle tilfelle at gåande har fått ein tryggare kvardag.

- Dei lysa gjer underverk. Her om dagen stod eg like ved overgangen her og vinka bilen vidare ettersom eg ikkje hadde dårleg tid, men neidå, han stoppa opp og venta til eg hadde byrja å gå over, endå lyset berre var gult, seier Martha.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men også ho ser poenget til Schmidt.

- Eg har sett bilar gløyma vikeplikta her, både før og etter lysa kom, seier ho.

Krysset vert forkøyrsregulert

Ettersom Skeisflaten er ein fylkeskommunal veg, er det Vegvesenet som har ansvaret. Os og Fusaposten tok kontakt med dei for å høyra om bebuaren på Skeie er inne på noko.

Bente Isdal i trafikksikkerhets-teamet til plan og forvaltningsavdelingen i Bergen svarer slik:

- Du, denne saka jobbar me med akkurat no. For litt sidan fekk me eit innspel frå Vestafjell som gjorde trafikklys-jobben for oss her. Dei oppmoda oss om å merka for forkøyrsveg på nett dette strekket. Det innspelet tek me til etterretning, seier Isdal.

Ho kan ikkje seia konkret når dei får opp skilt og merking, men håpar det blir snart.

- Skiltet for vikeplikt kjem opp om få dagar. Når det gjeld merking i vegbanen, tek det kanskje noko lengre tid, ettersom det for tida er snø og sludd i lufta, forklarar Isdal.

Grunna høg fartsgrense

Os og Fusaposten har også prata med bebuarar i området som lurar på kvifor det vart lysregulert overgang nett her, og ikkje 200 meter lenger nord på vegen, altså der skuleborna kryssar vegen for å koma seg til Nore Neset skule. Til dette svarer Isdal slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har tidlegare gjort fleire tiltak ved skulen. Mellom anna har me sett farten ned til 30 km/t, og laga oppbygd fotgjengarfelt. På overgangen ved Skorvane er farten 60 km/t. Då skal det også vera signalregulert overgangsfelt, konstaterer Isdal.