- Ikkje betal noko. Det er ikkje slik rettsstaten fungerer, seier politiovebetjent Audun Hadler-Olsen.
- Ikkje betal noko. Det er ikkje slik rettsstaten fungerer, seier politiovebetjent Audun Hadler-Olsen.

Åtvarar mot virus spreidd på pornosider

Fleire uavhengige personer har kontakta Os lensmannskontor då dei har surfa på lovlege pornosider, og fått opp eit varsel med politiets logo, og eit krav om å betala 1.000 kroner.

- Personer fortel at dei har surfa på lovlege pornosider, og at det plutseleg har kome opp eit varsel med politiets logo på. På varselet står det: Du har no vore inne og lasta ulovleg pornografisk materiale, barneporno, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Ikkje slik rettsstaten fungerer

Vidare i varselet står det at forholdet vil bli meldt til politiet dersom det ikkje blir betalt 1.000 kr snarast mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det framgår rutinetrinn på korleis ein kan betala, og på alternative måtar. Maskinen blir låst automatisk uansett om ein betalar eller ikkje. Her er det andre som har teke kontroll ved at det er planta eit virus, seier Hadler-Olsen og legg til:

- Ikkje betal noko. Det er ikkje slik rettsstaten fungerer.