Stopp: Eit vogntog på veg ut av tunnelen til venstre, skal ha stansa i 100-sona. Årsaka er uviss. Like før klokka 16 kom det melding om at vogntoget har kome seg vidare.

Vogntoget i Endalausmarka har kome seg vidare

Fri ferdsel på staden.

Det skriv Vegtrafikksentralen Vest like før klokka 16.

Klokka 14.48 kom det melding om at eit vogntog sperra det eine feltet i Endalausmarka på E39, i retning Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Rett etter Lyshorntunnelen står det eit vogntog i høgre felt. Vogntoget kan koma brått på. Høgre felt er stengt i slutten av tunnelen for å leia trafikken over i venstre felt, var meldinga frå Vegtrafikksentralen på X.

Trafikkoperatør Magnus Maridal stadfesta at høgrefeltet var sperra på veg ut av tunnelen i sørgåande retning.

— Vogntoget står slik til at det ikkje skapar særleg trafikale utfordringar, men vi har vald å sperra feltet likevel. Trafikken flyt fint, seier Maridal.

Trafikkoperatøren kan ikkje sjå vogntoget på kamera, då køyretøyet står akkurat utanfor område som er dekt av kamera.