Auka beredskap i Os

Alt då dei første meldingane om helikopterulukka ved Turøy i Øygarden kom i 12-tida fredag, byrja kriseleiinga i Os kommune å arbeida. No kl 9 er det pressebrief i Bergen.

- Vi ønskte å skaffa oss oversikt over situasjonen. Vi veit at det er fleire osingar aom arbeider på Gullfaks-feltet i Nordsjøen, og vi såg føre oss fleire aktuelle scenario, fortel leiar for kriseteamet i Os, Stein Gjøsund.

13 personar omkom då eit helikopter på veg frå Gullfaks B til Flesland styrta ved Turøy i Øygarden fredag føremiddag. Gjøsund kan på noverande tidspunkt ikkje seia om Os er direkte råka av ulukka. 

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg kan korkje bekrefta eller avkrefta noko før politiet går ut med meir informasjon, seier han.

Men han fortel at Os kommune auka beredskapen ved legevakta frå fredag ettermiddag og gjennom heile helga. 

- Vi har folk tilgjengelege for å yta bistand ved behov. Kriseteamet står klart, seier ordførar Terje Søviknes, som også er del av kriseleiinga i Os kommune.