Nils Petter Borge håpar oppbemanning og fleire kurs for tilsette vil gjera sitt til at legevaktsentralen på Moberg vert så god og funksjonell som fylkeslegen og Os kommune ønskjer.
Nils Petter Borge håpar oppbemanning og fleire kurs for tilsette vil gjera sitt til at legevaktsentralen på Moberg vert så god og funksjonell som fylkeslegen og Os kommune ønskjer.

Auker bemanninga med 4,5 årsverk

Etter kritikk frå Fylkeslegen i Hordaland, aukar Os kommune talet på tilsette ved Samnanger og Os legevakt med 4,5 årsverk.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Nyleg avdekte fylkeslegen i Hordaland fleire manglar og avvik ved drifta av Samnanger og Os legevakt på Moberg.

I første rekkje handlar avvika om uavklarte ansvarsområde mellom tilsette, svak oppfølging av nytilsette og manglande informasjon om tilstanden til pasientane.

- Leiinga i Os kommune har vore klar over ein del av manglane ved legevakta ein stund. Me har prøvd å setja i gang ein del tiltak, men desse har ikkje gjeve ønska resultat, vedgår kommunalsjef for Helse, omsorg og beredskap i Os kommune, Nils Petter Borge.

Han legg til at tilsynsrapporten frå fylkeslegen no har fått dei til å ta større grep raskare.

- Me har hatt planar om oppbemanning ei stund, men det er klart alt vert litt framskunda no. I praksis aukar me bemanninga på legevakta frå åtte til 12,5 årsverk. Det er rimeleg bra, og ein nødvendig auke. Ny turnus er også under utarbeiding.

Fire punkt

Då fylkeslegen var på tilsyn hos legevakta tidleg i desember i fjor, vart totalt 12 tilsette intervjua. I tillegg vart det teke stikkprøvar av 84 pasientjournalar. Totalt vart det påpeika følgjande brot på helse- og omsorgslova:

1: Det er ikkje tilstrekkeleg avklara kva ansvar som ligg til funksjonen som «Medisinsk fagleg ansvarleg lege» ved Samnanger og Os legevakt.

2: Opplæring av nytilsette og vedlikehald av kompetansen til personalet i legevaktordninga skjer ikkje på ein planlagt og systematisk måte.

Artikkelen held fram under annonsen.

3: Samtidigheitskonfliktar medfører redusert pasienttryggleik på legevaktstasjonen. Dei tiltaka som er sett i verk har ikkje hatt tilstrekkeleg effekt.

4: Naudsynte og relevante opplysningar om tilstanden til pasienten er ikkje alltid dokumentert i pasientjournal. Epikrise er i mange tilfelle ikkje sendt.

Under punkt 2 vert det mellom anna konkretisert at personalet ved denne legevaktstasjonen sjølv må ta stilling til om dei skal delta på kurs eller ikkje.

Eit anna punkt her er at det ikkje er etablert praksis for årleg utsjekk i bruk av utstyr.

Travelt i helgane

Under punkt 3 med samtidigheitskonflikter kjem det fram at dette er særleg vanleg i helger, og medfører at personalet på sentralen må prioritera mellom å svara på telefonar frå dei fire kommunane, ta imot pasientar, førebu pasientar til undersøking hos lege og assistera under legeundersøking.

- Det har skjedd enormt mykje på kort tid for legevakta. Dette er inga orsaking, men kanskje ei forklaring på nokre av dei utfordringane me har hatt. Det har vore ein enorm folkevekst i Os. I tillegg har legevaktsentralen i løpet av få år fått ansvaret for fire kommunar i staden for ein, poengterer Borge.

Han er likevel rask med å leggja til at Os kommune uansett har ansvaret for at tenesta skal vera så bra som mogleg og i tråd med gjeldande lover og forskrifter, og at dei tek tilsynsrapporten frå desember månad på høgste alvor.

- I tillegg til å oppbemanna har me framskunda tiltak på opplæring både for legar og sjukepleiarar, avklaring på ansvarsforhold, samt på betring av rutinane for dokumentasjon. Samla sett ventar me at desse tiltaka skal være tilstrekkelege for at fylkesmannen lukkar avvika. Me er i dialog med fylkesmannen, og ventar på ei endeleg tilbakemelding på planen vår.