Smittesituasjonen: Grunngjevinga er smittesituasjonen og dei mange elevane og lærarane som i ulike stader i landet no er i karantene.

Avlyser munnleg eksamen: - Me gjer det ikkje med lett hjarte

Kunnskapsminister Guri Melby (V) innkalte til pressekonferanse torsdag føremiddag.

Der opplyste Melby at det er bestemt ei nasjonal avlysing av munnleg eksamen.

Grunngjevinga er smittesituasjonen og dei mange elevane og lærarane som i ulike stader i landet no er i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er grunn til å tru at denne situasjonen med smitte og karantene mellom elevar og lærarar vil gjera seg gjeldande også i vekene som kjem, sa Melby på pressekonferansen.

Ho la samstundes til at det no også er streik blant lærarar, noko som også ville fått innverknad på avviklinga av munnleg eksamen.

– Men hovudgrunnen til avlysinga er smittesituasjonen, presiserte Melby, som vonar avgjerda kan gje meir føreseielege «rammer» for skulane mot slutten av skuleåret, i det som har vore eit krevjande og utfordrande år for elevar og lærarar.

– Å frata elevar høve til å få ta eksamen, er ikkje noko me gjer med lett hjarte, men meiner dette er det rette å gjera no.