Jordmor Gry Albriktsen og Scott Liam Nyland, som var det andre barnet som kom til verda på KK etter nyttår. To osingar var først ute i Bergen.
Jordmor Gry Albriktsen og Scott Liam Nyland, som var det andre barnet som kom til verda på KK etter nyttår. To osingar var først ute i Bergen.

Babyboom i jula

Frå 22. desember til nyttårsaftan kom det heile 14 nye osingar til verda.

– Det er mykje på kort tid. Legg til at det kom fire born til verda første nyttårsdag, så kom det 18 born på ti dagar. Vi er absolutt ikkje arbeidsledige her. Dei kjem til oss på barseloppfølging, seier jordmor Gry Albriktsen og smiler.

To osingar først ut i 2018

Totalt kom det 274 nye osingar til verda i 2017. Noko som gjev eit gjennomsnitt på 23 born i månaden. Med andre ord er 18 osingar på ti dagar godt over gjennomsnittet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Totalt melde Kvinneklinikken om 274 nyfødde osingar til nærjordmorsenteret i Os i 2017. Av dei 274 borna, har 82 prosent, eller 227 born, vore inne til barseloppfølging hos oss.

Då Os & Fusaposten vitja Albriktsen torsdag ettermiddag, låg vesle Scott Liam Nyland på benken.

– Av dei fire borna som blei fødd første nyttårsdag, er Scott den einaste guten. Han er altså tre dagar gamal.

Scott blei nesten nyttårsbarnet i Bergen. Han var den andre babyen som kom til verda på Kvinneklinikken i 2018. Melina Bakke Thomas, også ho er frå Os, kom til verda berre få timar før.