Oppdaterte tysdag: Avdelingsdirektør Line Vold ved Folkehelseinstituttet på den daglege pressekonferansen om korona-situasjonen tysdag.

Barnehagerettleiar skal etter planen vere klar i dag

Mange ventar på rettleiarane for korleis skular og barnehagar skal sørga for godt smittevern. Rettleiaren for barnehage skal etter planen vera klar i dag.

Det opplyser kommunikasjonsrådgivar Tuva Gaarder Nordlie i Kunnskapsdepartementet til NTB.

Les også
– Vi må rekna med å driva på ein annan måte og i mindre grupper enn det vi vanlegvis gjer

Avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet sa tysdag at eit ekspertpanel meiner mindre grupper barn bør vurderast ved gradvis opning av skular. Det kan òg bli snakk om å sjå på vekslande frammøte på skulane og redusert kontakt mellom klassar og grupper.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Håper på tydelege retningsliner: – Barnehagane er blant stadene det er vanskelegast å halda avstand

I tillegg bør forsterka hygiene blir vurdert som eit tiltak, og dessutan heimeisolering ved sjukdom.

– Det er konkretiseringa av desse tiltaka som vi no jobbar med utarbeiding av i rettleiaren, sa Vold på pressekonferansen.

Når det gjeld barn som bur i husstandar med personar i risikogrupper, jobbar Folkehelseinstituttet saman med Barnelegeforeningen med å bestemma kva barn som ikkje skal i skule eller barnehage, opplyste Vold.

Les også
Slik skal skulane og barnehagane haldast smittefrie
Les også
Opnar skulane igjen 27. april: – Glad for at vi får litt tid til å snu oss rundt