Båt på slep: Båten som blei funnen i Samnangerfjorden fredag, blei slept til Bolaks sitt anlegg i Aldalen, opplyser brannsjef Espen Storum.

Båt funnen på rek i Samnangerfjorden: — Vi fekk melding frå 110-sentralen

Brannsjef Espen Storum opplyser at Bjørnafjorden Brann og redning fredag har vore ute og henta ein båt på rek.

— Vi fekk melding frå 110-sentralen, som hadde fått melding frå Operasjonssentralen om ein båt på rek i Samnangerfjorden. Det er ikkje observert menneske i båten, som ser ut til å vera i litt dårleg stand, seier Storum.

På biletet under kan ein sjå kvar båten blei plukka opp. Brannvesenet slepte båten inn til Bolaks sitt anlegg i Aldalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her fann dei båten: Brannvesenet plukka opp båten der den raude markeringa er i kartet.

— Vi fekk løyve til å leggja båten der inntil vidare. Vi håpar at eigar melder seg, men så kan det henda at dette også er eit forsøk på å bli kvitt båten, seier Storum og legg til:

— Ta kontakt om det er nokon som kjenner båten, eller har informasjon om kven som er eigaren.