(
(

Båt gjekk på land i Fusa

Ein bebuar i Strandvik melde søndag frå til politiet om at ein trebåt hadde køyrd på land på Storholmen.

Båten skal ha hatt låg fart. Det er snakk om ein trebåt med overbygg. Under samtalen bakkar båten ut frå holmen og ligg i eit sund og driv, skriv politiet på Twitter.

Ambulanse-, brann- og politibåt blei sendt til staden. Brannvesenet var først til staden. I båten fann dei ein mann og ein hund. Båten blei slept til land. Personen blei teken hand om av helsepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Travelt politi

Os & Fusaposten har ikkje lukkast å få tak i politiet i Fusa. Operasjonssentralen hadde ikkje høve til å uttala seg om saka, og viste til lokalkontoret, som avisa altså ikkje har lukkast å nå. Dei viste også til Os, men Os-politiet har ikkje vore på saka. Saka blir oppdatert.