Aktor Benedikte Høgseth meiner den tiltalte 42-åringen drap ekskona si med overlegg. Tysdag la ho ned påstand om 17 års fengsel for drapet. (Arkivfoto)
Aktor Benedikte Høgseth meiner den tiltalte 42-åringen drap ekskona si med overlegg. Tysdag la ho ned påstand om 17 års fengsel for drapet. (Arkivfoto)

Bed om 17 års fengsel for drapet i Åsen

I retten tysdag la aktor, Benedikte Høgseth, ned påstand om at eksmannen til Trude Brenna Aasen (38) må dømmast til 17 års fengsel for drapet på 38-åringen.

Det skriv Bergensavisen.

24. april i fjor vart Trude Brenna Aasen funnen drepen utanfor bustaden til eksmannen hennar i Åsen i Lysefjorden. Eksmannen vart kort tid seinare gripen utanfor lensmannskontoret i Os. 42-åringen har vedgått drapet, og i førre veke starta rettsaka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spørsmålet ein har stilt seg gjennom heile rettsaka, er om drapet var planlagt eller ikkje, og i sluttprosedyren sin hevada statsadvokat Benedikte Høgseth, ifølgje BA, at møtet mellom dei tidlegare ektefellane den fatale søndagen var eit påskot for å kunna gjennomføra drapet, og at det viser at drapet var planlagd mange timar i førevegen.

- Trude kunne kanskje ha vore redda dersom tiltalte hadde ringt etter hjelp med ein gong. I staden har han sjølv gjeve uttrykk for at han ønskte å fullføra drapet, sa Høgseth ifølgje avisa.

Gjorde klar kniven

I argumentasjonen kring overlegg trekte aktor ifølgje Bergens Tidende fram tre moment som dei viktigaste frå påtalemakta si side:

Det første punktet er at den tiltalte 42-åringen gjorde klar kniven før Trude Brenna Aasen kom til staden.

Det andre er at kniven var skjult i papir då tiltalte gjekk ut for å møta sin tidlegare ektefelle, og det tredje punktet er forklaringa tiltalte gav til politibetjentane som pågreip han like etter drapet.

- Han sa han hadde bestemt seg for å ta livet av ekskona då han stod opp om morgonen, forklarte politioverbetjent Kristoffer Siglend i retten fredag.

- Dette er viktige, usensurerte og tidsnære opplysningar som ein bør tilleggja stor vekt, sa aktor i sluttprosedyren sin.

Årsaka til at Høgseth ba om 17 års fengsel, og ikkje 18, er ifølgje BT at tiltalte har forklart seg, tiltalte har forklart seg, og at han dermed har bidrege til at born og andre etterlatne slepp å leva i uvissa om kva som skjedde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kan høyrest absurd ut, men det er eit anerkjent prinsipp at dette skal tilleggjast vekt, sa ho.

Affektdrap?

Forsvarer Per Magne Kristiansen meiner på sin side at drapet ikkje vart gjort med overlegg. Forsvarare argumenterte med at dersom tiltalte hadde bestemt seg for å drpe på førehans, å ville han gjort det med ein gong han sette seg i bilen.

- Om han var interessert i å ta livet av ho, så vert spørsmålet: Kvifor venta? sa forsvareren ifølgje BT.

Kristiansen argumenterte også for eit mogleg affektdrap.

- Det kjem til eit punkt i diskusjonen mellom dei to der tiltalte er sintare enn nokon gong før, og då kjem kniven fram. Etter mitt syn er det ingen grundige førebuingar, ingen plan om å lura, sa Kristiansen og runda av med ein formell påstand om at tiltalte må «anses på mildaste måte».