Ulukke: Eit vogntog mista last i denne svingen fredag ettermiddag.

Vogntog mista last i vegen. E39 opna att etter opprydding

Eit vogntog mista last i ein sving i Storestraumen på Søfteland fredag ettermiddag.

Os & Fusaposten fekk fredag tips om at eit vogntog hadde mista last i ein sving ved Storestraumen rett etter kontrollflata i retning Bergen.

Vegtrafikksentralen Vest skreiv på Twitter at dei hadde fått tips om saka, og bad trafikantar vera merksame. Av biletet ser det ut til å ha vore manuell dirigering på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulukka skjedde på eit svært uheldig tidspunkt, då folk var på veg heim frå jobb. Grunna Tysnesfest melde Vegtrafikksentralen tidlegare fredag, at ein må rekna med ekstra ventetid på ferja frå Halhjem.

Ulukka skjedde truleg kring klokka ti på tre. Då passerte ein annan tipsar staden, og det låg ein gode del større metallfragment i vegbanen.

Ein kan sjekka trafikkbiletet på vegvesenet sine sider. Der skreiv dei like før kl 16 at det var objekt i vegbanen og at begge køyrefelt var påverka. Det var manuell dirigering på staden då.

Dei opplyste også at dette starta fem på tre, og at dei rekna med at det ville halda fram heilt til klokka 17.

Dei presiserte at sluttida er usikker og kan bli endra.

Like etter kl 16.30 opplyste politiet at E39 ved Hetelflåten ville bli stengt i begge retningar i inntil 30 minutt i samband med opprydding etter uhellet.

Kranbil var på staden då.

Ein halvtime etter kunne dei opplysa at oppryddingsarbeidet var gjort og at vegen var open att.

Artikkelen held fram under annonsen.