Gladmelding: Politioverbetjent. Atle Birkeland, kan fortelja at begge bilane som blei stolne frå eit firma i Os i helga, er no komne til rette.

Begge dei to stolne bilane er funnen

Politiet har, etter hjelp frå publikum, klart å finna også den andre bilen som blei stolen frå eit firma i Os i helga.

I 12-tida søndag fekk politiet i Os melding om eit innbrot i ei verksemd i nærleiken av Os sentrum. Eigaren av verksemda sakna to bilar etter innbrotet.

Den eine bilen vart funnen att hjå ein kjenning av politiet. Den ande vart registrert i bomringen i Arna/Åsane/Sandviken søndag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politioverbetjent Atle Birkeland, fortel at begge bilane no er komne til rette. Han vil takka publikum for god hjelp.

– Det er bra at vi får meldingar frå publikum. Den andre bilen er komen til rette, delvis etter tips frå publikum. Bilen blei funnen i Nesttun-området, fortel Birkeland.