Beklagar etter epost-feil. Alle mottakaranes adresser var synlege

Fleire systemfeil: – I utsendinga blei det avdekt fleire systemfeil som mellom anna gjorde at alle mottakarane sine e-postadresser var synlege for alle som fekk e-posten, skriv kommunen.

Beklagar etter utsending der det var avdekt fleire systemfeil.

Måndag sende førebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning ut ein e-post i samband med kartlegging av nye og gamle eldstader. Utsendinga blei gjort digitalt gjennom eit nytt fagsystem som avdelinga tok i bruk tidlegare i år. Det opplyser kommunen på sine heimesider.

– I utsendinga blei det avdekt fleire systemfeil som mellom anna gjorde at alle mottakarane sine e-postadresser var synlege for alle som fekk e-posten, skriv kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi beklagar dette. Vi jobbar fortløpande med systemleverandøren for avdekka årsaka til feilen, og ikkje minst for å unngå slik feil i framtida.