Kan gjera det vanskeleg: – Dette kan gjera det vanskeleg for ambulanse og andre utrykkingskøyretøy å passera, påpeikar politiet.

Bekymra for utrykkingskøyretøy. Oppfordrar bilistar til å parkera med fornuft

Bebuarar melde frå om parkeringar som kan gjera det utfordrande for utrykkingskøyretøy.

Ca kl 15.00 tysdag fekk politiet melding om dårleg framkome i Smiebakken fordi det vert parkert på begge sider av vegen.

– Dette kan gjera det vanskeleg for ambulanse og andre utrykkingskøyretøy å passera, påpeikar politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Patrulje var på staden ca kl 15.30. Då skal det ha sett greit ut.

– Dette er kanskje mest aktuelt på dagtid, og folk i området vert oppfordra til å parkera med fornuft og etter gjeldande reglar, seier vakthavande.

Kl 19.15 tysdag kveld vart det meld om ein hjortepåkøyrsel ved barnehagen i Hegglandsdalen. Ettersøksringen vart varsla.

Kl 21.20 same kveld fekk politiet melding om «opne flammer inne i eit hus i Skeisheia».

– Naudetatane rykte ut, men det viste seg raskt at det berre var nokon som fyrte i omnen. Frå avstand såg det ut som om det var opne flammar inne i huset, då huset elles var mørklagt, fortel vakthavande.