Paxlovid: Denne medisinen kan avgrensa sjukdomsforløpet for koronasjuke og er tilgjengeleg på apoteka.

Ber folk i risikogruppa testa seg: — Medisinen vil dempa sjukdomsforløpet

Det er avgrensa kven som kan og får nytta koronamedisinen Paxlovid, men for dei i risikogruppa, kan han vera livsviktig.

Medan koronasmitten stig, er koronamedisinen Paxlovid no tilgjengeleg ved alle apotek i Noreg, men det er svært avgrensa kven som kan få nytta han.

— Noreg fekk 25.000 dosar av denne medisinen for litt sidan. Det er ikkje mykje, og det er heller ikkje slik at det er mange personar som per no har rett til å få denne medisinen. I første rekkje er den meint for dei som har eit alvorleg svekt immunsystem eller som har anna alvorleg, underliggjande sjukdom som gjer dei ekstra utsette, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at det er svært viktig at denne gruppa testar seg.

— Ein må ha positiv test for å kunna få denne medisinen. I så måte er det viktig at dei testar seg fleire gonger om dei har luftvegssymptom. Ved positiv test tek dei kontakt med legen, som deretter vil vurdera om medisinen er rett for dei.

— Korleis kan medisinen ikkje vera rett for dei?

— Det er fordi det finst ein del andre medisinar som sjuke folk gjerne brukar som denne ikkje går i lag med.