Hatvikvegen

Ber folk melda frå om det er usikra område på Hatvikvegen

I samband med arbeidsstansen på Hatvikvegen, må heile området sikrast.

Publisert

Vestland fylke sende torsdag morgon ut melding til alle bebuarar i område kring arbeidsområde på Hatvikvegen om at dei ønskjer tilbakemelding og eventuelt varsling om folk ser plasser som er usikra og må gjerast inn.

Etter at Bertelsen & Garpestad gjekk melde oppbod tysdag kveld stansa arbeidet sporentstreks og fylket har deretter jobba med å sikra området, slik at ikkje nokon kan koma til skade medan arbeidet no har stansa opp.

Meldinga som gjekk ut var som følgjer:

Fv.552 Hatvikvegen; Vi vil informera om at alt anleggsarbeid på prosjektet er midlertidig stansa grunna konkurs hos hovudentreprenør. Vi arbeider med å sikra anleggsområdet, ettersom det no blir ein periode med stillstand. Dersom de som er berørte av anleggsarbeidet ser områder som kan væra farefulle for publikum, ber vi dykk ta kontakt med enten byggjeleiar Ola K. Dalland (tlf.: 90021198), eller kontrollingeniør Ingjerd N. Monclair (tlf.: 90975643). Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi veit meir om kva som skjer frametter. Helsing Vestland Fylkeskommune, Vegbygging Vest og Bjørnafjorden Kommune. - Gjelder adresse: Hatvikvegen 44,

Powered by Labrador CMS