Os kommune vedtok i fjor at Os kommune skal ta i mot 45 flyktningar i 2016 og 2017, og deretter 40 flyktningar i 2018 og 2019. Denne veka fekk formannskapet eit brev frå Fylkesmannen som endrar dette. (Arkivfoto)
Os kommune vedtok i fjor at Os kommune skal ta i mot 45 flyktningar i 2016 og 2017, og deretter 40 flyktningar i 2018 og 2019. Denne veka fekk formannskapet eit brev frå Fylkesmannen som endrar dette. (Arkivfoto)

Ber kommunen busetja færre flyktningar

Fylkesmannen viser til at behovet er mindre enn venta, og seier at Os kommune kan ta i mot færre flyktningar enn vedteke.

Os kommune vedtok i fjor at Os kommune skal ta i mot 45 flyktningar i 2016 og 2017, og deretter 40 flyktningar i 2018 og 2019. Denne veka fekk formannskapet eit brev frå Fylkesmannen som endrar dette.

Frå 45 til 40

- I 2017 vil det vera behov for å busetja 13.000 flyktningar i norske kommunar, kor av 1.100 er einslege mindreårige under 18 år, skriv Fylkesmannen. Busetjingsbehovet er lågare enn tidlegare plantal frå IMDi, skriv Fylkesmannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I lys av dette ber dei om å redusera talet flyktningar frå dei vedtekne 45 til 40 for året 2017.

Meir enn halvert på landsbasis

På landsbasis er talet forventa flyktningar meir enn halvert. Forunder eitt år sidan var det venta at det i løpet av to år kunne koma opp til 80.000 flyktningar til landet, og Os vart beden om å ta i mot 65 flyktningar årleg.