Elevrådsrepresentantane frå Os og Nore Neset ungomsskule fekk god tid til å leggja fram saka si for ordførar Marie Bruarøy. Frå venstre Erik Vaktskjold, Tidemann Sperrevik, Lone Gabrielsen, Marita Rød og Veslemøy Stokke.
Elevrådsrepresentantane frå Os og Nore Neset ungomsskule fekk god tid til å leggja fram saka si for ordførar Marie Bruarøy. Frå venstre Erik Vaktskjold, Tidemann Sperrevik, Lone Gabrielsen, Marita Rød og Veslemøy Stokke.

Ber om støtte til framtidige avgangsturar for 10. klassingane

I ei årrekkje har det vore tradisjon med lengre turar for avgangselevane i Os. No kan det vera slutt.

Osøyro:

Torsdag morgon troppa representanter frå elevråda ved Os og Nore Neset ungdomsskular opp på ordførar Marie Bruarøy sitt kontor for å koma med sitt syn på innskjerpinga kring «gratisprinsippet» i skulane. Konsekvensen av restriksjonane vert mellom anna at 10. klassingane i bygda ikkje får reisa på den tradisjonsrike «avgangsturen» hausten dei går inn i 10. klasse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Starta på Nore Neset

Det vart ein lenger debatt kring problemet på Nore Neset ungdomskule i haust. Då enda det med at årets avgangselevar fekk dra på tur. Kanskje var dette den siste.

– Det har heile vegen vore slik at føresette ikkje har skulla betala for turar i regi av skulane. No er desse restriksjonane innskjerpa av Fylkesmannen. Dermed vert det vanskeleg å få sendt avgangselevane på tur, seier inspektør ved Nore Neset ungdomsskule, Hilde Drange Veglo.

Sidan innskjerpinga kom, har elevråda ved dei to ungdomsskulane jobba med problemstillinga. Elevråda er samde om at avgangsturen er viktige og bør ivaretakast. Torsdag leverte dei eit ope brev til ordførar Marie Bruarøy der dei argumenterte for kvifor denne turen er så meiningsfull, og kva dei no håpar Os kommune kan gjera for å syta for at tradisjonen vert halden i hevd.

Veslemøy Stokke starta møtet med å lesa heile brevet som dei hadde skrive til ordførar Marie Bruarøy.
Veslemøy Stokke starta møtet med å lesa heile brevet som dei hadde skrive til ordførar Marie Bruarøy.

På kontoret til ordføraren las Veslemøy Stokke opp brevet før dei fem elevrådselevane fekk høve til å prata med ordføraren om saka.

Ønskjer støtte

Os og Fusaposten veit at det tidlegare har vore debatt kring dei ovanfornemnde turane – turar som i stor grad har fordra betaling frå elevanes føresette.

No vert det altså ein slutt på dette, men det tyder ikkje at ungdomsskule-elevane ønskjer at framtidige avgangselevar ikkje skal få opplevinga av å vera med på ein slik tur.

Dei som var på kontoret til Bruarøy torsdag morgon argumenterte ikkje for seg sjølv, men for framtidige elevar.

– Me har fått turen vår og er svært takksame for det. Det var ei flott oppleving, samlande og minneverdig. Når me no står her i dag, så er det fordi me håpar at Os kommune kan bidra med øyremerka støtte til at avgangselevane i Os kan få halda fram med å dra på slike turar, sa mellom anna dei fem elevrådsrepresentantane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snakk om prioriteringar

Marie Bruarøy starta med å takka for at elevane på ein slik flott og god måte tok kontakt med henne om saka. Vidare fortalde ho litt om korleis førespurnaden deira ville bli handsama.

– Me vil sjå på saka og diskutera om det kan finnast rom til ei slik støtte, men det er tøffe prioriteringar i slike saker. For oss som fordeler midlene seier me ofte at me må skilja mellom «nice to have» og «need to have». No seier ikkje eg at denne saka ikkje er viktig, men det er klart at midlar til spesialundervisning naturleg nok er viktigare prioriteringar for oss som fordeler, sa Bruarøy.

Ho minna elevane om at det gjekk an å få til mykje kjekt utan å bruka særleg med pengar i det heile teke.

– Då eg var avgangselev, vart utlandsturen vår avlyst fordi dei som hadde tur året før oss hadde teke seg vel mykje ut på danskebåten. Dermed enda me opp med båttur til Oksholmen. Men den var heilt fantastisk. Minneverdig som berre det, fortalde Bruarøy.

Ho gav etterpå uttrykk for at ho synest det var prisverdig av elevrådsrepresentantane å kjempa saka for komande elevar.

Blant dei frammøtte var det nemleg berre ein elev som hadde siste året ved ungdomsskulen til gode.

Tidemann Sperrevik frå Nore Neset ungdomskule såg sjølvsagt gjerne at ordføraren og politikarane fann pengar til å støtta tur til hausten.

– Det ville vore spennande med ein lengre tur til Oslo eller liknande, men me kan sikkert få det bra på sykkeltur til Vinnes også, 9. klassingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er brevet:

Til politikarane i Os kommune

Dette brevet er skrive i samarbeid mellom elevrådsstyret ved Os ungdomsskule og Nore Neset ungdomsskule. Vi har hatt eit felles møte om ei sak begge elevråda har eit stort engasjement for.

Saka vi ønskjer å ta opp med dykk er støtte til 10. klasseturar.

På dei to skulane har desse turane vore arrangert ulikt dei siste åra. Slik som det ser ut no, drar Os på sykkeltur til Vinnes, medan Nore Neset, som tidligare var til Oslo, ikkje får noko tur i det heile.

På grunnlag av dette, ønskjer vi ei likare løysning. Elevrådsstyra er samde om at vi støttar gratisprinsippet, men med fylkesmannen si innstramming er rammane blitt for små til å vidareføre dei tidligare arrangerte turane. Dette fører til ingen tur for Nore Neset dei neste åra.

Likskap

Vi er opptekne av at tilbodet om tur skal vera likt på begge skulane. Det er viktig at alle elevar får moglegheit til å reisa på tur, og oppleva fellesskap med klassen og kontaktlærarane. Dette styrkjar elevidentiteten og fellesskapet innad i klassen, og på heile trinnet.

Klasseturar opnar også opp for alternative læringsarenaer, som kan vera mange gonger så effektiv som vanleg klasseromsundervisning (til dømes besøk på 22.juli-senteret, Stortinget, og liknande). Slike alternative læringsarenaer blir blant anna framheva i Ludvigsen-utvalet sin rapport. Ein rapport som peikar på at kreativitet må inn i alle fag og at det må rettast større fokus på kritisk tenking og reflesjon.

Vi har sett at klasseturar har gjort elevar betre kjende med lærarar og medelevar. Gjennom organiserte aktivitetar, men også gjennom uformelle samtalar, byggjer vi trygge lærings- og klassemiljø i tillegg til trivsel og tryggleik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein klassetur kan altså bidra til å auka motivasjon og dermed også betre innsats på skulen. Dette handlar om at vi får noko positivt å sjå fram til, men også noko å sjå tilbake på. Alt i alt, gode minne frå ungdomsåra.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no