Bjørnen: Her brann ein liten lastebil til grunnen seint fredag kveld.

Ber publikum om tips etter bilbrann i Bjørnen

Var du på parkeringsplassen før, under eller etter bilbrannen fredag kveld? Då vil politiet i Os høyra frå deg.

Det var like etter klokka 23 fredag kveld at politi og brannvesen rykte ut på melding om ein liten lastebil som stod i full fyr på ein parkeringsplass ved kaien i Bjørnen.

Bilen stod åleine på parkeringsplassen og det var ikkje fare for spreiing til bilar eller hus. Brannen vart meldt sløkt kl. 23.29, men bilen var heilt utbrend.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kor vanleg er det at ein bil som står åleine på ein parkeringsplass midt på vinteren tek fyr av seg sjølv?

— Det kan eg ikkje svara på, men det hender frå tid til anna at køyretøy sjølvantenner. Det er både drivstoff og elektronikk som kan brenna ved ein teknisk svikt, seier politioverbetjent Atle Birkeland ved Os lensmannskontor.

— Kan de utelukka at brannen er påsett?

— Vi kan ikkje utelukka nokon ting. Førebels opererer vi med at det er uklar årsak.

Politiet har snakka med bileigaren, men ynsker no også kontakt med folk som var i området før, under og etter bilbrannen.

— Dersom du gjekk tur eller køyrde forbi parkeringsplassen, eller har observert noko av interesse i nærområdet, så vil vi gjerne snakka med deg.