Styremedlem Torgeir Skjælaaen i ivrig passiar med Agnes Tvinnereim på besøk frå moderskipet Bærekraftig liv Landås.  Leiar Henriette Kleppe til høgre i samtale med Tone Kolsrud frå Matkollektivet
Styremedlem Torgeir Skjælaaen i ivrig passiar med Agnes Tvinnereim på besøk frå moderskipet Bærekraftig liv Landås. Leiar Henriette Kleppe til høgre i samtale med Tone Kolsrud frå Matkollektivet

Berekraftig liv på Os etablert

Onsdag vart Berekraftig liv på Os høgtideleg stifta. No er dei på jakt etter ein jordlapp å dyrka grønsaker på.

Etter nokre månaders sondering og planleggjing, vart Bærekraftig liv Os formelt stifta onsdag kveld. Henriette Kleppe vart vald som leiar, medan Torgeir Hansen, Øystein Lid, Ellen Siren Bruarøy og Marny Strømland Johnsen er styremedlemer.

Meir enn 30 personar hadde møtt fram, og spesielt ynsket om å dyrka sin eigen mat stod høgt oppe hos mange.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Stemninga var over middels entusiastisk. No treng vi berre eit jordstykke vi kan dyrka grønsaker på. Rett nok er det for tidleg å så, men det er ikkje for tidleg å planleggja, seier Skjæl- aaen.

Dei frammøtte var i alderen 20 til 70 år, og kjem frå både ulike bygder og miljø.

- Så det er ikkje slik at alle kjem frå same venegjeng?

- Nei, her er det mange som ikkje kjenner kvarandre frå før, men som finn saman i interessa for å leva meir bærekraftig.

- Kjem de til å arbeida for å få fleire medlemer framover?

- Hovudpoenget er ikkje å få massevis av medlemer, men å få i stand nokre aktivitetar som gjer at fotavtrykket vårt på jorda vert litegrann mindre, seier han.

Noko av det BKL Os alt har fått til, er leveranse av kortreist vestlandsmat frå Matkollektivet. Kvar måndag kjem dei til Os og leverer økologisk mat bestilt på nettet.

- Eg har nytta meg av det sjølv og er veldig nøgd, seier Skjælaaen.