Berre ei melding om feststøy natt til søndag

Pinsehelga har så langt vore roleg for politiet i Os.

Den høglytte festen føregjekk på ei adresse utanfor Os sentrum.

Politiet i Os fekk i natt melding om støy frå en privat fest på ei adresse utanfor Os sentrum.

Politipatruljen kom til staden om lag kl. 02.30.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi gav då eit muntleg pålegg om å dempa støynivået, og det vart fulgt opp av festdeltakarane, fortel innsatsleiar Christine Grindstein.