Magne Brekke, Tove Tvedt Skarstein, Irene Svendsen, Jan Ove Petersen, Børrea Schau-Larsen, Erling Mortensen, Terje Søviknes, Patricia Langeland og Tove Hille.
Magne Brekke, Tove Tvedt Skarstein, Irene Svendsen, Jan Ove Petersen, Børrea Schau-Larsen, Erling Mortensen, Terje Søviknes, Patricia Langeland og Tove Hille.

Besøkjer kongen i dag

Hans Majestet Kong Harald V og Hennar Majestet Dronninga får i dag storfint besøk frå Os og Fusa i høve kongeparets 25-årsjubileum som kongepar.

Lokalavisa møtte den spente gjengen frå Os ved taxistasjonen på Osøyro like før avreise i dag. Kongehuset hadde sendt invitasjon til ordførarane både i Os og Fusa, og desse har vore med å velja ut kva representantar frå bygdene som skulle få den æra å besøkja gamlehaugen og kongeparet. Høvet er kongeparets jubileumsreise over heile landet, og i Bergen vert det i dag hagefest i Gamlehaugen.