Næringssjef, Daniel Skotheim, jublar for gullmedaljen i SR-bank sitt konjunkturbarometer.
Næringssjef, Daniel Skotheim, jublar for gullmedaljen i SR-bank sitt konjunkturbarometer.

Best i Sør-Vest

Os kommune går til topps på SR-bank sitt konjukturbarometer.

Kvart år gjennomfører SR-bank noko som vert kalla eit konjunkturbarometer for Sør-Vest-landet. Basert på ei bedriftsundersøking kjem ein fram til ein hovudindeks for dei ulike kommunane (talet på verksemder som ventar oppgang). Hovudindeksen er snittet av seks delindikatorar: Økonomisk utvikling, tilsette, omsetning, lønsemd, investeringar og ordrereserve.

Det var hard kamp om sigeren i år, men Os trekte til slutt det lengste strået med ein hovudindeks på 66 (opp frå 58 ved førre måling).

Artikkelen held fram under annonsen.

Hakk i hæl kom Kristiansand med ein hovudinndeks på 65 (opp frå 56), medan Stavanger stakk av med bronseplasseringa. I oljebyen har hovudindeksen auka frå 49 i november 2016, til 60 no.

– Mange kommunar har hatt betring det siste året. I fjor var om lag halvparten av kommunane under 50 prosent (nøytralt nivå). No er det svært få, går det fram av tala til SR-bank.

At Os kommune stikk av med topplasseringa, syner ifølgje næringssjef Daniel Skotheim, nok ein gong det ein har sett tidlegare, nemleg at utviklinga i bergensregionen trekkjer sørover.

– Tala i konjukturbarometeret byggjer berre endå meir opp under den positiviteten, og det potensialet som ligg i Os, seier han.

camilla.kvamme@osogfusa.no