Espen, Marit, Arve og John snakkar om kor bra dei handterte situasjonen under den siste rideturen som vart i overkant spennande, då eine hesten brått vart skremt av ein buss.
Espen, Marit, Arve og John snakkar om kor bra dei handterte situasjonen under den siste rideturen som vart i overkant spennande, då eine hesten brått vart skremt av ein buss.

Betre liv og mindre rus med nytt prosjekt

- Når eg får orden i hovudet får eg meir orden heime også, fortel John. Han er ein av fleire i rusomsorga i Os som har fått eit betre liv med det nye prosjektet «Livskvalitet».

Kvar måndag er han og Espen i ein stall på Hatvik saman med miljøterapeut Marit Kolaas. Der spar dei møkk, forar og steller med hestane, og så får dei ri.

- Før var dagane heilt like og det var mykje lettare å rusa seg. Denne veka har eg derimot vore i stallen to gonger. Det er kjempegreier, seier John.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med Espen har han sagt ja til å møta lokalavisa og fortelja om prosjektet «Livskvalitet» som dei to er ein del av.

John er Vartun-bebuar, medan Espen bur for seg sjølv.

- Før heldt eg meg mykje for meg sjølv. Sat berre heime framfor TV og data. No kjem eg meg ut og er saman med folk eg har tillit til. Det betyr utruleg mykje, fortel Espen.

John i front og Espen bak. Tida med hestane på Hatvik er blitt høgdepunktet i veka, og gjer livet betre på alle måtar fortel dei to.
John i front og Espen bak. Tida med hestane på Hatvik er blitt høgdepunktet i veka, og gjer livet betre på alle måtar fortel dei to.

Mangla ettervern

Livskvalitet er eit prosjekt som har teke form ut frå innspel og ønskjer frå brukar-ane.

- Vi gjennomførte ei brukarundersøking før vi sette igang. I tillegg har vi Emil med i prosjektgruppa. Han er brukarrepresentant og bidreg til å gje oss betre innsikt i brukargruppa sine behov, seier dagleg leiar ved Vartun, Arve Frostad.

Tidlegare har kommunalt drifta ettervern og rehabiliteringstilbod vore fråver-ande i Os. Personar som har fått, eller er igang med, behandling for rusproblematikk, har hatt tilbod på Vindfanget i regi av Kirkens Sosialtjeneste. Dei driv med ettervern og samarbeider med kommunen. Men det har ikkje vore noko lavterskeltilbod for rusavhengige i Os.

- Dermed vart det lett for å falla tilbake i gamle vanar, seier Arve.

Men nyleg fekk kommunen statlege midlar til å starta eit prosjekt dei har gitt namnet Livskvalitet. Dermed kunne dei tilsetja tre personar utelukkande for å jobba med å gje bebuarane på Vartun, brukarar av LAR (legemiddelassistert behandling) og brukarar av ROP-teamet (rus og psykiatri) eit tilbod om meiningsfylte fritidsaktivitetar. Dessutan hjelp til forskjellig i kvardagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Går tur og trenar

Ved hjelp av midlane har Os kommune tilsett ein person i full stilling og to personar i 50 prosent stillingar.

- I januar starta vi opp skikkeleg, etter at vi så vidt hadde byrja litt i løpet av hausten. Og frå denne veka av er vi i full sving, så det har vore ei gradvis opptrapping, fortel Arve.

Tre faste aktivitetar er sette igang.

- Vi har fått avtale med Actic treningssenter, der brukarane våre deltek i gruppetimer eller får ein til ein-trening, saman med ein av våre tilsette.

I tillegg kjem ei aktiv turgruppe.

- Vi går tur uansett vêr, enten det er i Hesteløypa eller på fjellet.

Gjengen har mellom anna vore på fisketur, stått på skøyter og gått fjelltur.

Den tredje aktiviteten er det så langt berre Espen og John som har vore så heldige å få ta del i kvar gong. Det er det faste ansvaret for drifta av ein stall på Hatvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Motiverte

Kvar måndag matar dei hestane, ryddar og rir.

- Totalt seks brukarar har vore innom stallen, men berre dei to kvar gong. Etter kvart håper vi å få fleire med dit også, men vi ønskjer å byrja i det små og bruka dei same kvar gong til vi kjem inn i det, forklarer Arve.

Espen og John vart dei utvalde.

- Dei har vist stor interesse, derfor ønskte vi å ha dei med.

I følgje Arve viser dei seg tilliten verdig.

- Dei stiller alltid opp i all slags vêr og er verkeleg motiverte for å skapa endring. For oss er det utruleg kjekt å jobba med så motiverte menneske.

Både Espen og John har god erfaring med hest frå tidlegare, men for dei begge har det gått mellom 10 og 25 år sidan dei sist var i aktivitet i ein stall.

- Kjennest det bra å få jobba og bidra på den måten?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg tenkjer ikkje på det som jobb. Det er fint å treffa hestane og berre kjekt, seier John.

- Men om de ikkje hadde kome så måtte vel nokon andre gjort jobben istaden? - Ja, jo, det er jo sant.

- De er jo til god hjelp og nytte med alt de gjer, og de får mykje skryt av ho som driv stallen, påpeikar Arve og Marit.

- Eg er ikkje så flink til å ta imot skryt, men det er fint å få jobba med dyr, altså. Eg syns i alle fall det, seier John.

God respons

- Vi har hatt utruleg god respons på prosjektet, og har no 15 unike brukarar som er med.

Arve forklarer at dei reknar ein aktivitet per brukar som deltek. Altså dersom tre personar er med på tur, reknast det som tre aktivitetar. Og berre i februar har dei hatt 65 aktivitetar.

- Vi har også vore superheldige med dei tilsette. Dei er skikkeleg flinke.

Marit som bruker dra i stallen med Espen og John har gått hestelinja på Stend jordbruksskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er veldig glad for å få bruka kompetansen min på denne måten, seier ho.

- Betyr mykje

Espen fekk erfaring med hestar i barndommen, då han budde på ein barnevernsinstitusjon.

- Eg lærte mykje då, men det er sikkert 25 år sidan no.

John på si side voks opp på gard med hestar og har mellom anna ridd ein sjudagars tur over Hardangervidda.

- Sist var de lenge ute, minner Arva om.

- Ja, vi var der i fem timar, fortel John.

Av alle dei timane var det berre ein og ein halv time som gjekk med til ritur, for hestane krev mykje anna også.

- Vi reiste klokka 10 og var ikkje tilbake før 15, fortel Marit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho skryter av begge to, og fortel om ein skummel episode no nyleg, som heldigvis endte bra:

- Hesten vart skremt av ein buss og reiste seg på to - og seinare på turen sklei hesten på glatta, men du handterte begge episodane så fint, John!

- Ja, men det blir betre når det blir mindre is, repliserer han.

John var litt nervøs første gongen han skulle i stallen, men det er det slutt på.

- No ser eg fram til kvar gong. Eg kjem meg opp av sofaen og er alltid klar lenge før vi skal dra. Det betyr mykje for meg at det skjer noko eg ser fram til no. fortel han.

Blitt rolegare på Vartun

Espen har prøvd ut tilbodet på treningssenteret ein gong, men ellers har han så langt halde seg til stallen. John derimot har vore med på fleire turar. Mellom anna på fisketur i Ervikane.

- Det er kjekt å gå tur, i alle fall når eg kan ta med hunden.

Han har også fiska mykje i oppveksten og gav Marit god opplæring i korleis ho handterer fiskestanga rett.

Ein dag i vinter var fem av brukarane på skøyter på Banktjørno.

Etter at prosjektet Livskvalitet tok til har både Arve og John merka at det er blitt mykje roligare kvardagar på Vartun.

- Det blir mindre rus, eller kva meiner du, John, seier Arve spørjande.

- Jo, eg kjenner meg igjen i det eg også, det er nok riktig det.

Mange drømmer om hest

- Det er mange av dei andre her som seier dei også har lyst å vera med i stallen, fortel John.

- Ja, det kom fram av undersøkinga at er mange som ønskjer seg kontakt med hest. Når det ønsket passar med kompetansen i personalet også, så er det strålande, seier Arve.

Han er utruleg takksam for samarbeidet med Actic treningssenter og eigarane av stallen dei får bruka.

- Eg må få berømma dei for samarbeidet med oss. Dei har vore veldig positive og teke imot oss med opne armar.

Førebels fell tilboda innan Livskvalitets-prosjektet helst på kvardagar, fem dagar i veka. Men i blant kan det også skje noko i helgene. Marit og den andre som er tilsett i dei to 50 prosent-stillingane knytt til prosjektet har helgestillingar ved Vartun i tillegg. Dette kan dei utnytta til at det også blir tilbod laurdagar og søndagar.

I følgje Marit er det gjerne dei tilsette som klagar når vêret er dårleg.

- Det var verkeleg surt då vi var i Ervikane, men det var berre vi som sa noko om det.

- Fisken bit betre då, meiner John.

Likevel, napp blei det ikkje den dagen.

- Bles ein positiv vind

Espen har merka stor endring etter han vart med i prosjektet og opplever at han har ein ny kvardag.

- Hadde det vore keisamt, hadde eg ikkje gidda. Men ikkje minst er det viktig at eg kjem meg ut og treffer folk. Eg var veldig mykje åleine før. Så det er kjekt å møta andre som eg fungerer saman med no.

- Eg har lyst å prøva meg på treningssenteret også etter kvart. Eg har trena mykje før, seier John.

Etter kvart ønskjer Espen å vera med på meir av det andre som skjer også.

- Dette er eit utelukkande positivt prosjekt, seier Arve.

I følgje han er det noko Os kommune også ser, og no har dei tre som er knytte til prosjektet blitt fast tilsette av kommunen.

- Den gruppa vi har her hos oss har vore veldig lågt prioritert. No kjem det meir til dei, og det har dei fortent, seier Arve.

Han nikkar mot Espen og John og er tydeleg glad for å kunna bidra til å gje dei ein meir gjevande kvardag.

- Eg liker å seia at det bles ein positiv vind over rusomsorga i Os. Det blir gjort mykje bra her no, og heldigvis er dette berre starten.

- Ja, det har skjedd mykje på kort tid, seier Marit.

- Eit slikt tilbod kan i alle fall aldri gjera noko verre. Og det er betre seint enn aldri, meiner Espen.