Målestasjonen nær Evanger viste om lag 140 millimeter nedbør søndag. Fleire andre stader bikka det også 100 millimeter nedbør på 24 timar, fortel Marianne Skolem Andersen – vakthavande ved Meteorologisk institutt.

Bikka nesten 100 millimeter nedbør på eitt døgn

Det er ingen tvil om at det var ein regntung søndag. No ventar nokre forholdsvis rolege dagar, før det ser ut til å bli skikkeleg vått – igjen.

I Bergen sentrum skal det ha kome 91,9 millimeter nedbør søndag, men det var langt frå den verste målinga gjort på Vestlandet i går. Målestasjonen nær Evanger viste om lag 140 millimeter nedbør søndag. Fleire andre stader bikka det også 100 millimeter nedbør på 24 timar, fortel Marianne Skolem Andersen – vakthavande ved Meteorologisk institutt.

– Det har regna godt, ja. Det skal kome mindre nedbør i dagane som kjem. I dag (måndag) vil vinden auka på ut over ettermiddagen. Den langvarige regnskuren vil passera, og det vil gå over til byevêr. Det er ganske mild luft no. Det vil bli litt kaldare utover kvelden, og ein kan få snø over 800 meter, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

På nyttårsaftan ser det ut til at kjem til å litt betre vindforhold enn i dag, noko som er positivt for dei som ønskjer å skyta opp fyrverkeri.

– Det som kan spolera festen litt, er at vi kan få ganske lågt skydekke, slik at det ikkje blir super sikt.

– Korleis blir starten på 2020?

– Vi er inne i ein periode med uroleg vêr. Det startar for så vidt ganske greitt. Det held fram med sørvest frisk bris. Ikkje mykje vêr og nedbør, men nokre regnbyer. Det blir meir spanande mot slutten av veka. Då kan det blir kraftigare vêr igjen, med sterkare vind og meir nedbør. Vi får stadig påfyll med lågtrykk. Detaljane på kor kraftig det kan bli, er for tidleg å seia noko om, seier Skolem Andersen.