Ulukke: Ein bil hamna i autovernet på E39 laurdag kveld. Foto: Benjamin Søgnen Olsen Foto: Arkiv

Bil hamna i autovernet: Sjåføren skal ha ordna opp sjølv

Laurdag kveld skal ein bil ha hamna i autovernet på E39 ved Skogavatnet.

Ulukka fann stad i 20.30-tida laurdag. Det skal ha vore to personar i bilen.

— Det var ikkje meld om personskade. Bergingsbil blei tilkalla av bilførar. Politiet var ikkje på staden, opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Christine Grindheim, i ein e-post.

Politiet fekk nokre timar seinare melding om ordensforstyrring frå ei adresse sør for Os sentrum.

— Det kom melding om ungdom som var rusa og som bråka. Politiet køyrde til adressa, men det var ingen støyande eller rusa ungdomar der då politiet kom.