(
(

Bil hamna i grøfta – politiet mistenkjer at kvinna bak rattet sovna

Bilen var ikkje køyrbar, men kvinna bak rattet kom frå ulukka utan skader.

– Laurdag kring klokka 16.00, hamna ein bil utfor vegen i Holmefjord-området. Bilen var ikkje køyrbar. Helsepersonell kom til staden og kontrollerte kvinna, som er i starten av 20-åra. Kvinna, som ikkje er frå Fusa, kom uskadd frå hendinga. Det blei gjort førarkortbeslag, seier politibetjent Veronica Sværen.

– Kvifor tok politiet førarkortet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er rutine ved mistanke om at førar har sovna bak rattet, seier Sværen.

Politiet har i helga hatt fleire kontrollar på ulike stader i Fusa. Det har ikkje vore noko å reagera på. Os-politiet har også hatt fleire trafikkontrollar i helga.

– I Os blei i overkant av 50 bilistar stoppa på ulike stader i kommunen, men Me fann ikkje noko å reagera på, seier lensmann i Os. Oddbjørn Dyrdal.

Vidare fortel lensmannen at politiet har vore på fleire private fester langt ut i dei seine nattetimane.