(
( Foto: Illustrasjon

Bil i autovernet i Fusa

Det er meldt om ei singelulukke i nærleiken av Skjelbreid. Det er dirigering av trafikken på staden.

Utrykkingsleiar i Fusa opplyser at eit køyrefelt er stengt og at det er dirigering av trafikken på staden.

– Kva har skjedd?

– Det er ei singelulukke. Ei kvinne har køyrd i autovernet. Ho er tilsynelatande uskadd.

– På Twitter opplyser politiet at det er snakk om store materielle skader. Korleis står det til med bilen?

– Bilen manglar eit framhjul, mellom anna, og er då sjølvsagt ikkje køyrbar.

Ulukka skjedde i 17.30-tida.