Ein bil stod i full fyr ved Vartun fredag morgon. Brannvesenet fekk sløkka brannen kjapt.
Ein bil stod i full fyr ved Vartun fredag morgon. Brannvesenet fekk sløkka brannen kjapt.

Bil i full fyr

Hadde det vore austleg vind i staden for nordavind i dag tidleg, er det ikkje sikkert at Vartun framleis hadde stått.

Os Brannvesen rykte ut klokka 06.35 fredag morgon etter melding om bilbrann ved Vartun.

– Då vi kom der, var bilen fullstendig overtent. Bilen stod 3 – 3,5 meter frå husveggen. Vi kan vera glade for at det var nordavind. Om det hadde blåst frå aust, ville det nok teke fyr i bygningen, seier brannsjef Stein Gjøsund og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kraftig vind ute, så det er stor tilgang på oksygen. Flammane stod fleire meter, men dei stod altså langs ved huset og ikkje på bygningen.

Trur brannen er påsatt

Os & Fusaposten har ikkje lukkast å koma i kontakt med politiet. Men til BT seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Hans-Erik Thue, at dei mistenkjer at brannen er påsatt.

– Det er ikkje naturleg at ein bil plutseleg startar å brenna av seg sjølv midt på natta, seier Thue.

BT skriv vidare at det er snakk om ein BMW frå 1998, og at politiet førebels ikkje har vore i kontakt med eigar.

– Bilen blei nyleg omregistrert, så det er litt uklart kven eigaren er i dag. Dette finn vi ut i løpet av dagen, så får vi sjå kva etterforskinga viser, seier Thue til BT.