Bilulukke i Drangsvegen: Dei to personane som sat i bilen då han hamna utanfor vegen, skal ifølgje politiet ha kome seg ut.

Bil køyrde av vegen ved Lysekloster. To personar henta ut av bilen

Like før klokka 16 kom meldinga om at ein bil har køyrt av vegen i Drangsvegen ved Lysekloster.

Bilen skal ifølgje BT ha køyrt utanfor ein skrent og stoppa i eit tre.

– Dei to personane som var i bilen har kome seg ut, seier vaktkommandør Tore Fanebust til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

To bussjåførar skal ifølgje vitne på staden ha hjelpt til.

Det var kø på staden i samband med ulukka.