Utan gyldig førarkort: Ein sjåfør skal ha køyrd bilen inn eit gjerde på ein gangveg. Han skal ikkje ha gyldig førarkort, og framstått rusa.

Bil på gangveg stod fast i gjerde: – Dette var litt snodig, så vi blei kontakta

Naudsynte prøvar skal ha blitt sikra og sak oppretta, etter at ein bilist forvilla seg inn på ein gangveg og stod fast i eit gjerde.

Rett etter klokka 18 onsdag kveld skal politiet ha fått melding om eit trafikkuhell. På Twitter skriv Vest politidistrikt at det er snakk om Prestegardsskogen på Søfteland. Det er difor noko uklart om det er på Søfteland eller i Prestegardsskogen, som er ved AMFI Os.

Operasjonsleiar Knut Dahl-Mikkelsen fortel at det er i Prestegardsskogen uhellet har skjedd.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Mistenkte er ein mann i 40-åra. Vedkomande har ikkje gyldig førarkort, seier Mikkelsen og held fram:

— Han har køyrd på det som skal vera ein gangveg. Det har blitt for smalt, og bilen stod fast i eit gjerde. Dette var litt snodig, så vi blei kontakta. Bilen er litt skrapa opp.

Patruljen på staden mistenkjer at sjåføren var påverka.

— Han skal ha framstått påverka av andre ting enn alkohol. Han er teken med til legevakta for å sikra prøver.