Uhell: Trafikkuhellet skjedde torsdag ettermiddag.

Bil mot motorsykkel ved Søfteland skule

Ein motorsykkel skal sklidd inn i ein personbil i liten fart.

Trafikkuhellet skjedde ved Søfteland skule om lag klokka halv fire torsdag ettermiddag

Politiet fekk melding om uhellet, men det skal ikkje ha vore nokon skader på verken motorsyklisten (fødd 2005) eller bilføraren (fødd 1971).

Artikkelen held fram under annonsen.

Motorsykkel skal ha sklidd inn i personbilen i liten fart.

Det er snakk om mindre materielle skader, og det er skrive skademelding mellom partane på staden. Det er ikkje oppretta noko sak frå politiets side.