Ulukke: Ein person er stadfesta omkomen, og ulukka har dermed fått verst tenkjeleg utfall.

MC-førar omkom etter ulukke

Politiet stadfestar at ein person er død etter ei trafikkulukke ved Er-An på Søfteland.

Ein bil og ein motorsykkel kolliderte ved E39 ved Er-An på Søfteland. Ulukka vart meld inn til naudetatane kl. 13.50.

Politiet opplyste raskt at ulukka framstod som alvorleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kl. 14.23 opplyser dei at motorsyklisten var påført store skader og er stadfesta omkomen.

Han skal ha køyrt i fylgje med ein kameratgjeng, og desse vert følgt opp av politi og helsevesen, fortel innsatsleiar Frank Lihaug.

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er på veg til staden. Byvegen er heilt stengd og vil bli det ei god stund.

Motorsykkelen skal ha køyrd i retning Os, medan bilen kom i motsett retning. Det er såleis snakk om ei møteulukke.

Bilføraren, ein mann i 40-åra, har smerter i ei hand. Han framstår elles uskadd. Han vert sett til av helsepersonell på staden.

MC-føraren var åleine på motorsykkelen.

Naudetatane, inkludert luftambulanse, har vore på staden ei stund.

Det er 60-sone på staden der ulukka skjedde.

Det er materielle skader i front på bilen, og airbagen er utløyst.

Artikkelen held fram under annonsen.