Rykt ut: Ambulanse har rykt ut. (Illustrasjonsfoto)

Bil skal ha køyrd i grøfta: – Svært dårleg føre på staden

Ambulanse og politi har rykt ut.

Vest politidistrikt melder torsdag morgon om ei trafikk-ulukke i Samnanger, på Holmefjordvegen. Ein bil skal ha køyrd i grøfta.

Politiet opplyser ikkje meir eksakt om ulukkesstad per no, men dei åtvarar mot svært dårleg føre på staden, og det snør tett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Like før kl 08.30 opplyser politiet at føraren av bilen er køyrd til legevakta i Eikelandsosen for sjekk.