Køyrde i autovernet: Her skal ei kvinne ha køyrd i autovernet natt til i dag. Ho kom frå samanstøyten utan skader, opplyser politiet.

Bil skal ha sklidd i autovernet ved tunnelopning. Sjåføren ville sjølv ordna med bilberging

Klokka 00.31 fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Endelausmarka.

Det skal ha vore glatt på staden, og sjåføren skal ha mista kontrollen på køyretøyet på veg inn i Skogafjellstunnelen. Kvinna som sat bak rattet, skal ha sleppt frå ulukka utan skader.

— Det var ingen lekkasje på køyretøyet. Kvinna ville sjølv ta kontakt med bilbergar. Vegtrafikksentralen blei varsla og stengde ei stund feltet der bilen stod. Ingen operative tiltak, skriv politioverbetjent Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag morgon i 5-tida, blei politiet varsla om musikkstøy frå ei adresse på Lekven.

— Patrulje frå Bergen drog til staden. Patruljen melde om at det var heilt stilt på adressa og ingen personar blei observerte, skriv Lyssand.