Bilbrann: Brannen vart meldt sløkt kl. 23.29. Bilete kun for illustrasjon.

Oppdatert: Brann i lastebil i Bjørnavegen på Halhjem

Årsaka til at ein liten lastebil tok fyr på Halhjem fredag kveld er førebels ukjend.

Like etter kl 23 rykte Bjørnafjorden brann og redning ut på melding om brann i ein liten lastebil i Bjørnavegen på Halhjem.

Bilen, som var overtend, stod på ein liten parkeringsplass ved båthamna. Brannen vart meldt sløkt kl. 23.29. Det skriv Vest Politidistrikt på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ikkje spreiingsfare sidan det ikkje var hus i næreiken. Det er heller ikkje meldt om personskade.

I tillegg til brannvesenet, rykte også politiet ut til staden. Årsaka til brannen var seint fredag kveld førebels ukjend.