Ein bil byrja å brenna like ved rundkøyringa ved Amfi Os midt i rushet i ettermiddag.
Ein bil byrja å brenna like ved rundkøyringa ved Amfi Os midt i rushet i ettermiddag.

Bilbrann ved Amfi-senteret

Litt før klokka 16 fekk brannvesenet i Os melding om bilbrann i rundkøyringa ved Amfi Os.

- Det byrja å brenna i ein Mercedes Vito. Det var to personar i bilen, men dei kom seg kjapt ut, opplyser vakthavande hjå Os brannvesen, Arne Monsen.

Monsen fortel vidare at det tilfeldigvis var ein bergingsbil i nærleiken då Mercedesen byrja å brenna.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Brannen var sløkt før vi kom fram. Personen i bergingsbilen har teke med seg bilen også, så no går trafikken som normalt, er beskjeden frå Monsen.