Politiet ynskjer tips etter biltjuveri natt til laurdag. (Arkivfoto)
Politiet ynskjer tips etter biltjuveri natt til laurdag. (Arkivfoto)

Bilen ikkje stolen likevel

Politiet etterlyste sundag tips om stolen Toyota. Men no viser det seg at eigaren berre hadde gløymt att bilen i Bergen.

Førstebetjent Christine J. Grindstein opplyste på sundag at Toyoataen vart sist sett parkert ved løa på Lekven, like utanfor eigars bustad fredag kveld.

Måndag morgon kunne politioverbetjent Audun Hadler-Olsen avkrefta tjuveriet. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eigar kom på at han hadde sett att bilen ein stad i Bergen. Det hadde han gløymt då meldinga vart gjeven til oss, seier Hadler-Olsen.