Medio september blir Trygg i Os arrangert for femte året på rad. Bjørg Sjøbø og Grete Byrkjeland i prosjektgruppa ser fram til arrangementet.
Medio september blir Trygg i Os arrangert for femte året på rad. Bjørg Sjøbø og Grete Byrkjeland i prosjektgruppa ser fram til arrangementet.

- Billettane plar bli rivne bort

Programmet for årets Trygg i Os er klart. Prosjektgruppa har også nyttig informasjon til dei som ønskjer å få med seg arrangementet.

Bak Trygg i Os står prosjektgruppa med det same namnet. I spissen står aktivitetskoordinator Grete Byrkjeland, tryggleikssjukepleiar Bjørg Sjøbø og Anne Kjersti Storebø, leiar førebyggande avdeling.

- Men vi har mange flinke kollegaar som hjelper til, seier Sjøbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Musikalsk innslag frå Syria

Temaet for årets Trygg i Os er "Møte mellom generasjonar og nasjonar".

- Kva er det som gjer at de har valt dette temaet?

- Det er fleire grunnar til det. Tredjeklasse på Kuventræ skule kjem med eit musikalsk innslag til dei eldre. Det er viktig at born og eldre møtest. Det er også kome mange flyktningar til Os, og fleire kjem nok. Det er viktig å informera om systemet for mottak. Til dømes, korleis blir dei mottekne, og kva gjer kommunen i forhold til integrering? Det er viktig å korta ned vegen mellom osingane og flyktningane og skapa tryggleik i befolkninga.

Sjå også:Møte med Os

Avdelingsleiar ved NAV, Siri Lise Mundal, kjem for å snakka om flyktningars møte med Os-bygda, seier Sjøbø.

- Vi får også eit musikalsk innslag av ein flyktning frå Syria, Manar Alhashemi. Han skal spela gitar, seier Byrkjeland.

Informasjon om aktivitetstilbod

Trygg i Os går føre seg i Oseana. Ulike frivillige lag og organisasjonar kjem til å ha stand i foajéen.

- Det er viktig å gjera dei eldre merksame på aktivitetstilboda som finst i Os. Det er gjerne nokon som sit heime og gjerne skulle hatt noko å gjera på, og som ikkje er klare over tilboda som finst, seier Sjøbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Terje Søviknes kjem til å opna dagen, før Tove Hille i Os frivilligsentral tek over som konferansier.

Frigjering av ressursar

Velferdsteknologi er også del av programmet. Mari Synøve Berge frå Senter for omsorgsforskning Vest ved Høgskulen i Bergen kjem for å snakka om det.

- Det er mange eldre som er flinke til å handtera den teknologiske utviklinga. Samstundes er det ein del som føler at dei er på sidelinja og ikkje klarer å følgja med i utviklinga. Dei eldre må inkluderast, seier Sjøbø.

Den teknologiske utviklinga gjer at fleire jobbar og oppgåver kan utførast maskinelt ved hjelp av moderne teknologi. Men fette skal ikkje erstatta "varme hender".

- Det er viktig å få med. Maskiner skal ikkje erstatta varme hender, men frigjera ressursar for å oppretthalda god pleie og omsorg, seier Byrkjeland.

Utviklinga på Luranetunet

Kommunalsjef for Helse, omsorg og beredskap, Nils-Petter Borge, kjem for å snakka om utbygginga på Luranetunet.

- Dette er alt godt i gang. Naboar, dei som bur på Luranetunet og dei som skal bu der i framtida har gjerne behov for å få førstehandsinformasjon om kva som skjer på Luranetunet, seier Sjøbø.

Blitt ein fast post

Nytt av året er at det kostar 100 kroner for ein billett. Dei fire føregåande åra har arrangementet vore gratis.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er eit rikhaldig program, og vi tenkjer at det er naturleg at det kostar nokre kroner å få koma inn. Publikum får også lunsj på Oseana, seier Byrkjeland.

- Trygg i Os er blitt ein fast post i kommunens budsjett. Vi har eit budsjett å forholda oss til. Vi såg at pengane ikkje kom til å strekkja til, og bestemte at vi i år skulle selja billettar i staden for å gje dei bort, seier Sjøbø.

Kun tilgjengeleg i Kommunetorget

Arrangementet har vore populært alle åra det har blitt arrangert.

- Billettane plar bli rivne bort på nokre få timar. I år har vi framleis ein del billettar igjen. Billettsalet starta 20. juni, seier Byrkjeland.

Sjøbø og Byrkjeland gjer folk merksame på at det ikkje er råd å få tak i billettar i døra.

- Vi sel billettar fram til måndag i veka før Trygg i Os går av stabelen. Dette fordi vi må melda tilbake til Oseana talet publikummarar med tanke på lunsj. Billettane er berre tilgjengelege på Kommunetorget, seier Byrkjeland.

I tillegg til kulturinnslag frå Kuventræ skule, kjem kvartetten TAUS for å underhalda publikum.