Bilpleiaren i Os klagar ikkje over å måtta køyra bilane til Porsche-centeret i Bergen til og frå garasjen på Gudridflaten.
Bilpleiaren i Os klagar ikkje over å måtta køyra bilane til Porsche-centeret i Bergen til og frå garasjen på Gudridflaten.

Bilpleie-spesialist på heiltid

Også bilar treng ekstra pleie, omtanke og stell. For Christer Rasmussen er autospa blitt ein leveveg.

Han starta opp i det små og pleidde i første rekkje berre bilane til vener og kjente. Men etter kvart som etterspurnaden vart større byrja Christer Rasmussen å tru på ein marknad stor nok til å gjera leveveg av. Då han måtte gje seg som betonggolv-leggar grunna problem med knea, var det ikkje lenger eit sjansespel. Christer vart tvungen til å finna på noko nytt å driva med.

Over forventning

I vår gjorde osingen alvor av draumen. «Rasmussen Autospa» vart ein realitet i slutten av mai, og 36-åringen har funne seg godt til rette i garasjeanlegget på Gudridflaten, like ved Kiwi-butikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Så langt har det gått over all forventning. Det er absolutt ein marknad for omfattande og skikkeleg bilpleie. Nett no har eg arbeid så det held. Det er nær så eg har byrja å tenkja på å utvida verksemda, smiler Rasmussen nøgd.

På kontoret i bakenden av garasjeanlegget har han med seg hunden Lea. 4-åringen har livmorbetennelse og må få maten intravenøst.

- Ho bruker å vera åleine heime, men no når ho er sjuk, må ho få vera med far på jobb. Litt tilsyn må ho ha, seier Christer og serverer underteikna kaffi.

Medan "Rasmussen Autospa" framleis er eit einmannsføretak er det godt med litt selskap på kontoret. Torsdag hadde Christer med seg hunden Lea.
Medan "Rasmussen Autospa" framleis er eit einmannsføretak er det godt med litt selskap på kontoret. Torsdag hadde Christer med seg hunden Lea.
Christer Rasmussen bruker godt med tid på kvar bil. I snitt rekk han berre over to-tre bilar for veka.
Christer Rasmussen bruker godt med tid på kvar bil. I snitt rekk han berre over to-tre bilar for veka.

Gode avtalar

Christer har alltid vore interessert i bilar. Frå far sin fekk han innprenta at det var italienske bilar som var tingen. Far hans køyrde alltid Alfa Romea då Christer var liten. Det same gjer Christer i dag.

- Draumen er å få seg ein Ferrari, men skal eg få råd til det, må eg nok utvida verksemda kraftig og tena ein god del meir, humrar Christer.

Men det går altså bra med bilspa-behandlaren. Ikkje lenge etter at han opna lokala på Gudriflaten strøymde kundane til, og blant dei også større bilfirma som Porsche Center i Bergen og Bergen bilcenter.

- No har eg fast samarbeidsavtale med desse bilsentra. Det sikrar meg bra med jobbar framover, seier Rasmussen.

Eit av frynsegoda er å få køyra bilane att og fram til bilsentra.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Når ein er glad i bilar, så er det artig å få køyra mange ulike typar. Sånn som denne "Cayennen" (Porsche). Den er fenomenalt fin å køyra. Men så kostar han også over millionen, ler han.

Christer har også avtale med bilpleie-leverandøren Swissvax.

- Eg har teke Swissvax-sertifisering, og er dermed skulert for å kunna bruka dette produktet. Innan denne bransjen er det for "top notch" og rekna, seier Christer.

Omfattande bilpleie

Som namnet tilseier, er «Rasmussen Autospa» noko meir enn eit firma som utfører bilvask og polering. Christer sjølv kallar det meir varig bilpleie.

- Det eg tilbyr er omfattande detailing-arbeid. Med det meiner eg at me gjerne fjernar riper i lakken, utfører to-stegs polering og legg på glass-coating - om det skulle vera ønskeleg - på toppen av det heile. Det siste vil seia at me legg på eit tynt lag med glashinne utanpå klarlakken etter nedpussinga. Dette er ein av dei beste måtane ein kan få bilen til verkeleg å skina på, fortel Christer.

- Kva bilfarge er lettast å halda skinande, rein og blank?

- I alle høve ikkje svart. På dei ser ein småripane med ein gong. Dersom eg skulle bestemt fargen på ein bil sjølv, hadde eg velgd grå. Det er nok den enklaste fargen å halda blank og fin, seier eksperten.

Vil utvida på sikt

Hos «Rasmussen Autospa» kan behandlingstida ta alt frå eit par-tre timar til 3-4 dagar. Felles-nemnaren er at dess meir ein ønskjer at bilen skal skina, dess lengre tid tek jobben.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er svært nøye med det eg gjer, difor rekk eg som regel ikkje over meir enn ein 2-3 bilar i veka, fortel Christer.

Han er ikkje framand for å utvida drifta på sikt.

- Dersom det går like bra frammover, kan eg tenkja meg å få tilsett ein mann til, samt få meg eit større lokale med plass til tre-fire bilar. Får eg det til, kan det jo bli noko av med den Ferrarien også, ler Christer.