Tre bilar var involvert i ulukka.
Tre bilar var involvert i ulukka.

Bilulukke i Byvegen

Ein bil kom over i motsett køyrebane i fredagsrushet, noko som førte til ein kraftig samanstøyt. Ingen personskadar.

Til alt hell vart ingen alvorleg skadde då to bilar kolliderte rundt 17.15 like nedandor Elvebakken i Byvegen.

- Ein bil har kome over i motsett køyrebane og forårsåka ein ganske kraftig samanstøyt med ein annan bil, opplyser Os brannvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein tredje bil var også involvert i ulukka. Ingen i bilane fekk skadar.

Vondt å koma fram

Det var kø langt oppi Mobergsbakkane som følgje av ulukka, og Os brannvesen og legevakt måtte sakte manøvrera seg forbi heile køen.

Rundt kl 18 var det framleis stor kø og dirigering av trafikken.

Det blei trafikkork i Byvegen pga. ulukka.
Det blei trafikkork i Byvegen pga. ulukka.