Det kan vera lurt å merka seg at det blir endringar i tømmedagane for dei som har tømmedag på ein heilagdag.
Det kan vera lurt å merka seg at det blir endringar i tømmedagane for dei som har tømmedag på ein heilagdag.

BiR endrar dagar for bosshenting i påska

Det kan henda du må tidlegare ut med bosset enn vanleg. Det er avhengig av kva tømmedag du har.

BIR gjer kundane merksame på at det blir endring i både dato, for nokon, og hentetidspunkt, i påska.

Om tømmedagen din for restavfall fell på skjærtorsdag 29. mars, er ny tømmedag for restavfall måndag 26. mars. Det same gjeld for papir og plast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om tømmedagen for restavfall fell på langfredag 30. mars, er den nye tømmedagen sett til tysdag 27. mars. Det same gjeld papir og plast.

Om tømmedagen fell på 2. påskedag, som er måndag 2. april, er ny tømmedag for restavfall tysdag 3. april, medan papir og plast har fått ny tømmedag 4. april.

Det er også endringar i hentetidspunkt.

Slik blir endringane i tømmedagane i påsken.
Slik blir endringane i tømmedagane i påsken.

– Dei som set ut spanna på desse datoane må vera merksame på at vi køyrer doble ruter for restavfall, papir og plast. Bosset ditt kan bli henta på eit anna tidspunkt enn normalt. Vi hentar bosset mellom 06.00 og 22.00, skriv BIR på heimesida.

Ope til klokka 15 onsdag før påske

BIR sine gjenvinningsstasjonar, også den mobile stasjonen i Bergen sentrum, er stengt på heilagdagar og påskeaftan, 31. mars. Stasjonane opnar igjen tysdag 3. april.

Det er også endringar i opningstider onsdagen før påske.

– Stasjonar som normalt har ope om onsdagane, blir stengt klokka 15.00 onsdag 28. mars. Det betyr at gjenvinningsstasjonane på Askøy, i Bergen, Kvam, Osterøy, Os og Sund er ope til klokka 15.00, medan dei andre er stengt. Den mobile gjenvinningsstasjonen køyrer ikkje denne dagen, skriv BIR på heimesida.