Bispevisitas
Søndag samla biskop Ragnhild Jepen trådane i eit visitasføre­drag i Os kyrkje – eit føredrag som både oppsummerte inntrykka hennar og peika framover for kyrkjelydane i kommunen.

Biskopen om visitasen i Bjørnafjorden: – Ei veke full av varme og samarbeid

— Aktivitetsnivået er høgt, og de har høge ambisjonar.

Publisert Sist oppdatert

 

I førre veke, 11.-13. november, hadde Bjørnafjorden besøk av biskop Ragnhild Jepsen, som gjennom tre innhaldsrike dagar vitja kyrkjelydar, skular, frivilligsentral og ungdomsmiljø i både Fusa og Os. 

Søndag samla ho trådane i eit visitasføre­drag i Os kyrkje – eit føredrag som både oppsummerte inntrykka hennar og peika framover for kyrkjelydane i kommunen. 

Starta i Fusa

Visitasdagane starta på kyrkjekontoret i Eikelandsosen tysdag, der biskopen møtte dei tilsette i Fusa sokn. Seinare same dag deltok biskopen på minglemiddagen i bedehuset.

— Ekstra kjekt var det at barnekoret var med denne gongen. Det var elles imponerande å sjå at her kjem det folk frå ulike delar av kommunen, nokre av dei med ganske lang reiseveg, sa biskopen i føredraget sitt søndag.

På programmet stod også besøk hos frivilligsentralen og Bruktbuo. Frivilligsentralen i Fusa er ein av seks i landet som er eigd av kyrkja. 

— Her driv de eit særs viktig arbeid, ikkje minst med tanke på psykisk helse, og de gjer det på ein måte som gjer oss alle i kyrkja stolte, skrytte Jepsen.

Samarbeid

På Eikelandsosen skule fekk biskopen vera med kyrkjelydspedagog Hildegunn Myrlid Eide på besøk i 6. klasse for å gå gjennom Bibelen med rørsler, eit opplegg som vert kalla Bibelsporet.

— Eg er glad for at kyrkja, skulen og kommunen kan samarbeida om denne viktige oppgåva, med respekt og på ein måte som gjer at vi alle kan bidra med vårt.

Som fast punkt på alle visitasar, er eit møte mellom alle råda, dei tilsette og biskopen. Denne gongen vart dette møtet halde i Fusa kyrkje.

— Sjølv om dei to sokneråda har same fellesråd i same kommune, er det ikkje nødvendigvis slik at ein kjenner kvarandre særleg godt. Deltakarane på møtet fekk difor i oppgåve å svara på kva dei veit om kyrkjelydslivet i det andre soknet. Her fekk dei både skryta og læra av kvarandre, fortalde biskopen.

Møtte 10. klassingane

Onsdagen starta i Tunet kyrkje- og kultursenter der biskopen med følgje møtte alle delar av staben i Os. 

— Aktivitetsnivået er høgt, og de har høge ambisjonar. Då er det lett å kjenna at tid og ressursar ikkje alltid strekkjer. Når det skjer så mykje, kan det vera vanskeleg å ha oversyn, noko som kan hindra at ein samarbeider og i staden blir sitjande åleine med oppgåvene. Men de opplever også at god planlegging gjev godt resultat, sa biskopen til tilhøyrarane etter gudstenesta søndag.

Etter møtet i Tunet, besøkte biskopen 10. trinn på Os ungdomsskule. Her fekk ho etter eige utsagn veldig gode og reflekterte spørsmål om alt frå bisperolla til spørsmål om Big bang og biskopane si unnskyldning til skeive.

Biskopen fekk også helsa på konfirmantar og medlemene i Join Us og sjå det nye ungdomsrommet i Tunet.

Møtte kommunen

Jepsen takka vidare for eit godt møte med kommuneleiinga på rådhuset, der ordførar, varaordførar og to kommunalsjefar tok imot ein delegasjon frå kyrkja. 

— Eg opplevde ein god og open tone mellom kyrkje og kommune, der vi også fekk bore fram kva kommunen må sørgja for av økonomi og rammer innanfor lovverket. Det mest konkrete vi fekk med oss etter møtet, var ei gjensidig forventning om møtepunkt gjennom året, ikkje berre når budsjettet skal leggjast.

Torsdagen vart avslutta med konsert på Kongshaug Musikkgymnas der elevane baud på framsyning med danseoppvisning frå musikalen Grease, ulike musikkstykke og julesongar frå det store elevkoret.

Utfordringar

Av utfordringar framover, peika biskopen mellom anna på at begge sokn seier at dei opplever at det er utfordrande å nå aldersgruppa 18-60 år. 

— Kanskje de kan tenkja litt saman om nett denne utfordringa, oppmoda Jepsen og heldt fram:

— I Fusa har eg møtt ein framoverlent kyrkjelyd. Gjennom mange år har dei vore kreative, sett nye vegar og møtt utfordringar med energi. Det er ei utfordring å fordela ressursane sentralt og ute i krinsane. Kanskje det går an å samla lokalbefolkninga til fleire ulike tiltak for fleire aldersgrupper når ein først har ei gudsteneste?

— I Os spør ein seg om ein er bygd eller by. De lever vel i ein kultur prega av begge desse to, så utfordringa er å møta dette på best mogleg vis. I noko av arbeidet kan de henta inspirasjon frå kvarandre, men det kan også vera nyttig å møta andre med liknande utfordringar, til dømes i det ein kallar 'frontkommunane' som er naboar med Bergen.

Powered by Labrador CMS