Bjørn Mowinckel-Nilsen, Linda Olsen Løland og Arne-Richard Stadaas var tidleg oppe og trassa kulda for å rekruttera deltakarar til Sykle til jobben-aksjonen som startar i april.
Bjørn Mowinckel-Nilsen, Linda Olsen Løland og Arne-Richard Stadaas var tidleg oppe og trassa kulda for å rekruttera deltakarar til Sykle til jobben-aksjonen som startar i april.

Bitande kulde stoggar ikkje sykkel-entusiastar

- Vi har stått her sidan klokka 07.00, og sett på soloppgangen, seier Linda Olsen Løland. Sykle til jobben-aksjonen startar ikkje før medio april, men for sykkelentusiastar er det ingen tid å mista for å rekruttera flest mogleg deltakarar.

Det var minusgrader, og ein kald sjøbris som trekte innover Os hamn i dag tidleg. Før sola var på plass, hadde arealplanleggjar og primus sykkelmotor i Os kommune, Arne-Richard Stadaas, saman med Linda Olsen Løland og Bjørn Mowinckel-Nilsen frå Bedriftidretten i Hordaland, funne vegen til Os sentrum. Der har dei stått i fleire timar for å rekruttera deltakarar til Sykle til jobben-aksjonen, som startar 19. april.

Premiar og helsemessig gevinst

Mange kjenner til aksjonen Sykle til jobben, som Norges Bedriftsidrettsforbund har arrangert sidan 1973. Formålet er likt tittelen, å få fleire til å sykla til jobben. Det vil ikkje seia at ein må sykla for å ta del i aksjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Med åra har vi endra litt på reglane etter innspel frå folk. Ein kan sanka poeng ved å gå tur med hunden, eller å gå til butikken i stadenfor å køyra, seier Olsen Løland.

I grunn kan ein sanka poeng om ein lét bilen stå, i tilfelle der ein vanlegvis ville brukt bil, og heller gå eller sykla. Kriteriet er å vera i rørsle minimum ein halvtime kvar dag.

- Om ein deltek får ein ikkje berre den positive helsemessige effekten, ein kan også vinna mange flotte premiar, seier Stadaas.

Olsen Løland legg til at det er ikkje berre er dei mest fanatiske syklistane som blir premierte.

- Ein må ikkje sykla Fanafjellet kvar dag for å ha sjansen til å vinna premier. Så lenge ein fyller kriteria for å få poeng, er ein med i trekninga, seier ho.

Har utfordra næringslivet

Norges Bedriftsidrettsforbund stiller med mange premier. Ein kan vinna mellom anna turar og sportsutstyr. Os kommune vil også dela ut premier lokalt.

- Premiane vil vera klare i god tid før aksjonen tek til. Vi har utfordra næringslivet til å sponsa premier. No vil vi gje dei tida dei treng til å tenkja på det, og eg meiner det er prisverdig at dei ønskjer å støtta oss. Eg håpar at alt frå ein liten urmakar kan stilla med ein ring eller ei klokke, til at store sportskjeder heng seg på, og at vi dermed kan få gitt bort flotte sportseffektar, seier Stadaas.

Perfekt start på bursdagen

- De er tidleg ute med rekrutteringa. Aksjonen startar vel ikkje før til våren?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Aksjonen startar på bursdagen min, seier Olsen Løland og smiler.

- Det gjorde han i fjor også. Ein perfekt start på bursdagen!

Stadaas legg til at ved å starta rekrutteringa tidleg, så når dei naturleg nok ut til fleire.

- Om vi får fleire ambassadørar tidleg, som snakkar med vener og familie, så aukar sjansane for at fleire vel å melda seg på. Det er forresten gratis å vera med, seier Stadaas og smiler.

Kommunen tek rekninga

Kommunen betaler 43.000 kroner i deltakaravgift for opptil kvar siste osing. Tysdag løyvde formannskapet 60.000 kroner til aksjonen frå formannskapet sitt dispensasjonsfond. Os kommune jobbar med å byggja ein god sykkelkultur i bygda. Stadaas seier at arbeidet kan ta tid, kanskje så mykje som ti år.

- Det blir jobba med å leggja godt til rette for syklistar, mellom anna ved at kommunen ha utleige syklar, og ved å til dømes lappa hol i asfalten og utbetra fortaua, seier Stadaas.

Sette seg i bilen

Sykkel-entusiastane stod i vel to og ein halv time i Os sentrum i dag tidleg, før dei sette seg i bilen (!) og køyrde til AMFI Os i håp om å rekruttera fleire deltakarar.

- Vi har så mykje utstyr med oss, så vi må bruka bilen i dag, diverre, seier Stadaas.