Høgitd: Jul og nyttår er høgtid for god mat, levande lys og peiskos.

Bjørnafjorden brann og redning har seks gode råd for ei trygg juletid

Dette er dei vanlegaste brannårsakene i desember.

Jul og nyttår er høgtid for god mat, levande lys og peiskos. Uforsiktig bruk av levande lys og det å vera uoppmerksam under matlaging, er blant dei vanlegaste brannårsakene i desember, skriv brannvesenet på sine Facebook-sider.

Her er deira seks gode råd for ei branntrygg juletid:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Sjekk at røykvarslarane dine verkar og at du har fungerande sløkkjeutstyr tilgjengeleg

* Gå aldri frå komfyren når du lagar mat. Installér gjerne komfyrvakt.

* Gå aldri frå eit rom med levande lys og aldri set eit tent lys nær gardiner eller brennbar julepynt

* Sjekk alltid ein ekstra gong at alle levande lys er sløkt før du legg deg eller går ut av huset

* Slå alltid av adventsstakar, julestjerner og lyslenkjer om natta og når du ikkje er heime

* Ha brannøving heime. Har du tenkt over situasjonen på førehand, er du mykje betre førebudd om det skulle byrja å brenna.