– Gledeleg: Ordførar Trine Lindborg gler seg over nye koronamillionar til næringslivet i Bjørnafjorden.

Bjørnafjorden får ytterlegare 2,8 koronamillionar - skal gå til denne bransjen

Pengane er retta inn mot ein spesiell bransje.

Av ei pressemelding frå Bjørnafjorden kommune går det fram at regjeringa har delt ut 750 millionar i ekstra koronastøtte til næringslivet, og at Bjørnafjorden får 2.823.000 kroner av desse pengane.

– Ordninga er spissa inn mot overnattings- og serveringsbransjen. Kommunen vil snarleg hiva seg rundt for å klargjera ein ny søknadsprosess for nemnte næringar, skriv kommunen i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Verksemdene i overnattings- og serveringsbransjen har hatt eit knalltøft år. Dei lokale aktørane har stått på for å få hjula til å gå rundt i ei ekstremt krevjande tid. Eg er imponert og stolt over dei næringsdrivande i kommunen, og evna dei har vist til å tenkja nytt og kreativt. Vi håpar dei nye korona-midlane kan bidra til å tryggja endå fleire arbeidsplassar i kommunen, og at det kan motivera til å orka å stå i desse tøffe tidene endå litt til, uttaler ordførar Trine Lindborg (Ap) i pressemeldinga.