– Vi må starta når barna er små, påpeikar kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Bjørnafjorden kan få nesten 900.000 kroner til bøker

No er også barnehagane inkludert i ordninga.

Publisert Sist oppdatert

I ei pressemelding på regjeringa si nettside går det fram at regjeringa har sett av 150 millionar kroner til bøker i skule og barnehage.

Målet er ifølgje meldinga å auka leselysta og sikra ein betre balanse mellom bok og skjerm frå tidleg alder.

– Leseløftet er ein sentral del av regjeringa sin plan for Noreg. Lesing er grunnmuren i all læring, og då må vi starta når barna er små. Difor inkluderer vi også barnehagane i ordninga, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Det betyr at kommunane kan søkja om øyremerkte midlar til innkjøp av bøker. For Bjørnafjorden sin del vil det vera snakk om ein pott på 872.592 kroner.

Regjeringa sitt leseløft

Regjeringa vil bruka éin milliard kroner meir enn i dag dei neste fire åra for å styrkja leseferdigheitene til norske elevar.

Det nye leseløftet inneheld fem hovudtiltak som skal bidra til å styrkja leseferdigheitene og lesegleda:

  • Fleire bøker, både i barnehagen og skulen.
  • Mindre skjermbruk for dei minste.
  • Ein lesekommisjon som mellom anna skal føreslå tiltak for å styrkja leseferdigheitene og leselysta til barn og unge, og koma med tilrådingar om kva som gir den beste leseopplæringa.
  • Intensivopplæring i lesing for elevar på alle trinn.
  • Dagleg lesing på alle klassetrinn – minst 15 minutt samanhengjande kvar dag.

Kjelde: regjeringa.no

– Starten på ei endring

Av pressemeldinga går det fram at regjeringa, gjennom budsjettsamarbeid på Stortinget, har øyremerkt godt over ein halv milliard kroner til innkjøp av trykte lærebøker.

I 2026 er det sett av 140 millionar kroner til skulane, og kommunane får midlar basert på kor mange elevar dei har i den offentlege grunnskulen.

Kunnskapsministeren understrekar at dei øyremerkte midlane til fysiske lærebøker er eit tillegg til dei bøkene kommunane allereie skal kjøpa over eige budsjett.

– Innbyggjarane må gi beskjed til dei lokale folkevalde dersom barna deira ikkje får fleire bøker, seier Nordtun og minner om at regjeringa har styrkt kommunesektoren sine frie inntekter med 19,2 milliardar kroner dei to siste åra.

I pressemeldinga vert det peika på at mange skular har prioritert digitale læremiddel i fleire år.

– Når lærarar ikkje har ei reell moglegheit til å velja trykte lærebøker, har dei ikkje reell metodefridom. Vi ser no at færre førsteklassingar har tilgang til eige nettbrett eller PC. Eg trur det er starten på ei endring der kommunane i større grad prioriterer fysiske bøker. Det er veldig positivt, spesielt for dei yngste elevane, meiner kunnskapsministeren.

10 millioner til bøker i barnehagen

Frå 1. august skal skulane vera særskilt varsame med bruk av skjerm for alle 1.–4. klassingar. Kunnskapsministeren har i tillegg gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å vurdera om digitale ferdigheiter framleis skal definerast som ei grunnleggjande ferdigheit på lik linje med lesing, skriving, rekning og munnleg. Direktoratet skal levera tilrådinga si før sommaren, heiter det i pressemeldinga.

Der går det også fram at kommunane kan søkja om tilskot til kjøp av bøker til barnehagane. Regjeringa har sett av totalt 10 millionar kroner til føremålet, og kommunane kan anten fordela pengane mellom alle barnehagane i kommunen, eit utval, eller ha ei ordning der fleire barnehagar deler på bøkene.

– Når barn blir lesne for frå tidleg alder, utviklar dei språk, fantasi og evne til å forstå verda rundt seg. Bøker i barnehagen gir alle barn tilgang til gode leseopplevingar, uavhengig av bakgrunn, og legg eit viktig grunnlag for læring seinare i livet, påpeikar Nordtun.

Powered by Labrador CMS