Ekstra viktig i år: Målet er at sommarskulen skal kompensera for nokre av dei faglege og sosiale følgjene som pandemien har hatt for born og unge.

Bjørnafjorden kommune får millionbeløp til sommarskule

Regjeringa har løyvd 500 millionar kroner til ulike sommartilbod for elevar i grunnskulen. Så mykje får Bjørnafjorden.

Totalt 228 kommunar får pengar til sommarskule. Bjørnafjorden kommune er tildelt 3.246.500 kroner.

– Sommarskule er nok ekstra viktig i år. No får tusenvis av born høve til å vera sosiale og ha det morosamt, samtidig som dei lærer nye ting, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet er at sommarskulen skal kompensera for nokre av dei faglege og sosiale følgjene som pandemien har hatt for born og unge.

– Dette er ikkje ei erstatning for skule, men eit viktig supplement i ei spesiell tid, seier Melby.

Kommunane bestemmer

Kommunane kan sjølv velja korleis dei vil utforma det lokale sommarskuletilbodet. Dei står også fritt til å samarbeida med idrettslag, kulturskular, leirskular eller foreiningar.

– Det er kommunane og skulane sjølve som har best oversikt over sine elevar og kva utfordringar dei har lokalt, påpeikar Melby.

Det betyr også at kommunane kan vurdera om bestemte elevgrupper skal prioriterast.

Gratis for alle

Kommunane som har søkt om tilskot, får pengar etter kor mange grunnskuleelevar dei har. Sommarskulen er gratis for alle.

– Eit slikt gratistilbod gjer at alle elevar kan delta på likt grunnlag, seier Melby, som forsikrar at ingen lærarar skal påleggjast å jobba i ferien.

Ho ber kommunane sjå til dei mange studentane som treng ein sommarjobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håpar sommarskulane rundt om i landet kan bidra til å gi studentar ein meiningsfylt sommarjobb i år. Det vil vera ein ekstra ressurs for skulane og gi studentane ei ekstrainntekt, seier Melby.