Stengjer skular og barnehager: Kommuneleiinga har torsdag ettermiddag kome fram til at skular og barnehagar skal stengja for å førebyggja spreiing av koronaviruset.

Bjørnafjorden kommune stengjer alle skular og barnehagar frå fredag av

Oppdatert: Barnehagane blir også stengde frå fredag av.

Det opplyser kommuneleiinga i ei oppdatert pressemelding om stenginga av barnehagar og skular.

– Kommuneleiinga i Bjørnafjorden har vedteke å følgja avgjerda til Vestland fylke og Bergen kommune for å førebyggja spreiing av koronaviruset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Difor stengjer vi alle barne- og ungdomsskular frå og med fredag 13. mars.

Alle barnehagar vart det fyrst meldt skulle stengjast frå og med måndag 16. mars. Dette er no endra. Barnehagane vil også halda stengd fom fredag.

Endringa skjer etter at Helsedirektoratet av bestemt å stengja alle barnehagar og skular i landet frå og med i dag, torsdag 12. mars klokka 18. Dette betyr at også barnehagane i Bjørnafjorden kommune vil vera stengde frå og med fredag 13. mars.